Holger Albrechtsen

Kristian Holger Albrechtsen (27. juni 190614. august 1992) var ein norsk friidrettsutøvar og verkstadeigar frå Arendal som spesialiserte seg på 110 og 400 meter hekk. Han vann bronsemedaljen på 110 meter hekk under friidrets-EM 1934. «[T]ypisk for ham var at han gjorde det best i internasjonale opppgjør»[1]. Albrechtsen, som var medlem av IK Tjalve, vann fem NM-gull i hekkeløp i tida 1934-38; tre på korthekken og to på langhekken.

Holger Albrechtsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. juni 1906
Noreg
Død

14. august 1992 (86 år)

Idrett friidrett, hekkeløp
Tok del i

EM i friidrett 1934

Aktiv endre

Frå han tok sine fyrste NM-medaljar i 1928, stod Albrechtsen i skuggen av Konrad Hauge. Fram til 1933 fekk Albrechtsen sju sølvmedaljar og ein bronse i ulike noregsmeisterskap, gullmedaljane tok Hauge seg av. Albrechtsens fremste prestasjon i desse åra var eit rekordløp på 110 m hekk i 1929, ei forbetring av Hauges norske rekord med eitt tidels sekund til 15,1 sekundar.

I juli 1933 forbetra Albrechtsen sin personlege rekord på korthekken til 14,7 sekundar, hans endelege personbeste i øvinga. Året etter vann Albrechtsen begge hekkeløpa under NM på Bislett stadion i Oslo. På langhekken gjorde han sitt livs løp på 400 m hekk og sette norsk rekord på 54,0 sekundar.

Albrechtsen deltok i byrjinga av september månad 1934 i den aller fyrste europameisterskapen i fridrett. Meisterskapen gjekk over tre dagar i Torino, der han sikra seg bronsemedaljen på 110 m hekk med tida 15,0, vinnaren József Kovács frå Ungarn fekk notert 14,8. Dagen etter kom Albrechtsen på fjerdeplass på 400 meter hekk, tid 55,0 sekundar, eitt tidels sekund bakom bronsevinnaren, tyske Hans Scheele var suveren med sine 53,2.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1928: Sølvmedaljar på 110 m hekk - 16,0 og 400 m hekk - 1,01,0
  • 1930: Sølvmedaljar på 110 m hekk - 15,8 og 400 m hekk - 57,0
  • 1931: Sølvmedalje på 400 m hekk - 55,8
  • 1932: Sølvmedalje på 110 m hekk - 15,2
  • 1933: Sølvmedalje på 110 m hekk - 15,1 og bronsemedalje på 400 m hekk - 57,8
  • 1934: Gulllmedaljar på 110 m hekk - 14,9 og 400 m hekk – 54,0
  • 1935: Gullmedalje på 400 m hekk - 55,4 og bronsemedalje på 110 m hekk - 15,0
  • 1936: Gullmedalje på 110 m hekk - 15,4 og bronsemedalje på 440 m hekk - 57,0
  • 1938: Gullmedalje på 110 m hekk - 15,5

Albrechtsen var busett i Oslo.

Kjelder endre

  • Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971
  • friidrett.no

Notar endre

  1. Sport i navn & tall:233

Bakgrunnsstoff endre