Hollies' Greatest

Hollies' Greatest
Samlealbum av The Hollies
Språk engelsk
Utgjeve August 1968
Innspelt 1963–1968
Selskap Parlophone
Produsent Ron Richards
The Hollies-kronologi 
Butterfly
(1967)
Hollies' Greatest Hollies Sing Dylan
(1969)


Hollies' Greatest er eit samlealbum av The Hollies og det einaste albumet deira som gjekk til topps på albumlista i Storbritannia. Det kom ut etter at Graham Nash slutta i bandet og var meint å innehalde alle dei britiske hitsinglane med Nash. Berre tre av 14 songar på albumet – «Stay», «I Can't Let Go» og «Stop! Stop! Stop!» hadde tidlegare vore gjevne ut på britiske album.

Albumet låg sju veker på toppen av lista i 1968.[1][2] Totalt låg det 27 veker på den britiske albumlista og er det mest suksessrike albumet til The Hollies.

Versjonen av «Yes I Will» som er på monoversjonen av albumet, er ikkje singelversjonen frå 1965, men ei tidlegare ikkje utgjeven innspeling frå 1964.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Clarke-Hicks-Nash, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«I Can't Let Go»Chip Taylor, Al Gorgoni 
2.«Bus Stop»Graham Gouldman 
3.«We're Through»  
4.«Carrie Anne»  
5.«Here I Go Again»Mort Shuman, Clive Westlake 
6.«King Midas in Reverse»  
7.«Yes I Will»Gerry Goffin, Russ Titelman 
Side 2
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
8.«I'm Alive»Clint Ballard jr. 
9.«Just One Look»Gregory Carroll, Doris Payne 
10.«On a Carousel»  
11.«Stay»Maurice Williams 
12.«Look Through Any Window»Gouldman, Charles Silverman 
13.«Stop Stop Stop»  
14.«Jennifer Eccles»  

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Virgin Book of Hit Albums
  2. The Complete Book of British Charts, Neil Warwick, Jon Kutner and Tony Brown

Bakgrunnsstoff endre