Opna hovudmenyen
Stay
Singel av Maurice Williams and the Zodiacs
B-side «Do You Believe»
Utgjeve August 1960
Innspelt 1960
Sjanger Doo-wop
Lengd 1:36
Selskap Herald
Låtskrivar(ar) Maurice Williams
Produsent Phil Gernhard
Stay
av The Four Seasons
frå albumet 'Big Girls Don't Cry and 12 Others'
B-side «Goodnight My Love»
Utgjeve Desember 1963
Innspelt 1963
Sjanger Rock, doo-wop
Lengd 1:52
Selskap Vee-Jay
Låtskrivar(ar) Maurice Williams
Produsent Bob Crewe
The Four Seasons-kronologi
«Dawn (Go Away)»
(1963)
Stay «Ronnie»
(1964)


Stay
av Jackson Browne
frå albumet Running on Empty
B-side «Rosie»
Utgjeve 1978
Innspelt Merriweather Post Pavilion, Columbia i Maryland, 1977
Lengd 3:28
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar) Maurice Williams
Produsent Jackson Browne
Jackson Browne-kronologi
«Running on Empty»
(1978)
Stay «You Love the Thunder»
(1978)


Stay
av Cyndi Lauper
frå albumet At Last
Utgjeve 2004
Sjanger Pop
Lengd 3:15
Selskap Sony
Låtskrivar(ar) Maurice Williams
Cyndi Lauper-kronologi
«Until You Come Back to Me (That's What I'm Gonna Do)»
(2004)
Stay «Time After Time»
(2005)


«Stay» er ein doo-wop-song skriven av Maurice Williams og først spelt inn i 1960 av Williams med gruppa si The Zodiacs.[1] Andre artistar som seinare hadde suksess med songen var The Hollies, The Four Seasons og Jackson Browne.

OpphavEndra

Songen vart skriven av Williams i 1953 då han var 15 år gammal. Han hadde prøvd å overtydd kjærasten sin om å ikkje gå heim kl. 22 slik ho skulle. Han tapte diskusjonen, men som han fortalte seinare «Som ein flaum, kom teksten til meg».

I 1960 spelte Williams og bandet hans, The Zodiacs, inn ein demoversjon av songen, men ingen var interesserte før ein tiåring høyrde songen og imponerte bandet med den positive reaksjonen hennar. Produsenten til bandet tok denne og andre demoverjonar med seg til New York City og spelte dei for alle dei store plateprodusentane han kunne få tak i. Til slutt vart Al Silver i Herald Records interessert, men insisterte på at dei måtte spele inn songen på ny, sidan kvaliteten på demoen var for dårleg. Dei sa òg at tekstlinja «Let's have another smoke» («la oss ta ein røyk til») måtte fjernast om songen skulle spelast på radio. Etter at gruppa hadde spelt inn songen på ny, vart han gjeven ut på singel av Herald Records og radiostasjonen CKLW byrja å spele han. Han gjekk inn på den amerikanske Billboard Hot 100-lista den 9. oktober 1960 og nådde toppen av lista 21. november same året. Etter ei veke tok Elvis Presley over førsteplassen med «Are You Lonesome Tonight?». På Herald-innspelinga song Williams førstestemme og Henry Gaston song falsett på motverset.

Den originale innspelinga av «Stay» er den kortaste singelen som nokon gong har nådd toppen av den amerikanske singellista, med ei lengd på 1 minutt og 36 sekund. I 1990 hadde singelen seld meir enn åtte millionar eksemplar. Songen vart igjen populær då han vart nytta i filmen og kom med på filmmusikkalbumet til Dirty Dancing.

Andre versjonarEndra

  • I august 1963 vart songen gjeven ut av The Hollies,[2] som tok songen til åttandeplassen på UK Singles Chart.
  • The Four Seasons-versjonen kom først ut på albumet deira The 4 Seasons Sing Ain't That a Shame and 11 Others i juni 1963. Han vart seinare gjeven ut på singel i desember same året. Vee Jay gav han opphavleg ut som B-sida til «Peanuts», men radiostasjonane føretrekte å spele «Stay» i staden for. Plateselskapet gav då ut ein ny versjon av singelen med «Stay» på A-sida og «Goodnight My Love» som ei ny B-side.[3] Songen nådde 16. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100[4][5] i april.
  • I 1964 vart songen spelt inn av The Dave Clark Five på studioalbumet deira Glad All Over.
  • Songen vart spelt inn i 1968 av Jan & Dean for albumet deira Carnival of Sound, men dette albumet kom ikkje ut før i 2010.
  • Songar-låtskrivaren Andrew Gold spelte inn ein versjon av «Stay» i 1976 på albumet What's Wrong with This Picture?.
  • Ein versjon av songen med ny tekst er den siste songen på Jackson Browne-albumet Running on Empty frå 1977. Songen vart gjeven ut på singel og nådde 20. plassen på singellista i USA og 12. plassen i Storbritannia.
  • Bruce Springsteen & the E Street Band spelte inn ein versjon av songen for albumet No Nukes september 1979.
  • «Stay» var den tredje og siste singelen frå Cyndi Lauper-albumet At Last i 2003. Det var berre ein promo-singel som kom ut berre i USA og Australia. Videoen som vart laga til singelen var sjeldan å sjå, men kom med på DVDen, Live at Last.
  • I 1980 skreiv den austerrikske songaren Georg Danzer ein tysk tekst til Jackson Browne-medleyen «The Load Out»/«Stay». Denne vart framført live på Direkt som «Roadie Song».
  • Teksten frå songen vart interpolert på reggaeartisten Buju Banton-songen «Hush Baby Hush» i 1995 på albumet hans 'Til Shiloh.
  • Ei innspeling av songen av den britiske popgruppa Dreamhouse vart først gjeven ut på singel i 1995 og så igjen i 1998.
  • Italo disco-duoen Marx & Spencer gav ut sin versjon av songen i 1983.
  • Den australske gruppa Human Nature gav ut songen i 2014 på albumet deira Jukebox.

KjelderEndra

  1. «Maurice Williams & The Zodiacs - Stay / Do You Believe at Discogs». Discogs.com. Henta 21. februar 2018. 
  2. «Archived copy». Arkivert frå originalen 2011-07-27. Henta 21. februar 2018. 
  3. Tom Neely, Goldmine Price Guide to 45 RPM Records, 5th edition (KP Books, 2005) ISBN 0-87349-840-2
  4. «Billboard Hot 100 - April 4, 1964». Henta September 12, 2017. 
  5. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 238.