Hollingworth Cliffs
Hollingworth Cliffs er ei rekkje klipper sør for Mount Absalom i Herbert Mountains i Shackleton Range i Antarktis. Dei vart fotograferte frå lufta av U.S. Navy i 1967, og kartlagt frå bakken av British Antarctic Survey, 1968–71. I samband med at stader i området vart kalla opp etter glasiologar, vart dei namngjevne av UK Antarctic Place-Names Committee etter Sydney E. Hollingworth, ein britisk geolog som spesialiserte seg på pleistocen geologi i nordvestlege ENgland, og var geologiprofessor ved University College London, 1946–66.[1]
Hollingworth Cliffs | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Coats Land | ||
- koordinatar | 80°26′S 25°33′W / 80.433°S 25.550°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Hollingworth Cliffs 80°26′00″S 25°33′00″W / 80.4333°S 25.55°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Hollingworth Cliffs». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 7. februar 2014.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hollingworth Cliffs» (innhald frå Geographic Names Information System).