Hollis Conway (fødd 8. januar 1967) er ein tidlegare USA-amerikansk høgdehoppar som perioden 1988-92 tok medalje i øvinga i dei tre største internasjonale meisterskap på rad.

Hollis Conway
Statsborgarskap USA
Fødd 8. januar 1967 (57 år)
Chicago
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Conway kneip sølvmedaljen i høgdehopp under Sommar-OL 1988 i Seoul då han hoppa 2,36 m i fyrste forsøk. 30. juli 1989 forbetra han landsrekorden i USA til 2,39 meter. I 1991 presterte han livsbeste med 2,40 meter då han sigra i hall-VM i Sevilla, og noko seinare gjekk han til topps ved universiaden i Seattle med 2,37 m. Under verdsmeisterskapen 1991 var han nest best av dei tre utøvarane som enda opp med 2,36 m i sluttprotokollen, nok til å berge bronsen. Året etter var han ein av tre utøvarar som alle fekk bronse under sommarleikane i Barcelona.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre