Holly Sue Cullen[1] (fødd 23. desember 1979)[2][3], meir kjent som Holly Madison, er ein amerikansk fotomodell, skodespelar og fjernsynspersonlegdom. Ho er best kjend for å ha delteke i reality-serien The Girls Next Door.

Holly Madison

Fødenamn Holly Sue Cullen
Fødd 23. desember 1979 (44 år)
Astoria i Oregon i USA
Hårfarge Blond (farga)
Øyenfarge Brun
Høgde 1,70 m
Yrke modell, fjernsynspersonlegdom
Ektefelle Hugh Hefner (2003–08)
Criss Angel (2008–09)
Pasquale Rotella (2011–nå)
Born Rainbow Aurora Rotella (f. 2013)
Nettstad www.hollymadison.com

Biografi endre

Madison vart fødd i Astoria i Oregon,[2] og er den eldste av tre sysken. Ho har ein yngre bror, Joseph, og ei yngre syster, Stephanie.[1] Faren reiste rundt på grunn av tømmerarbeid, og frå ho var to til elleve, budde ho difor i Alaska. Familien hennar flytte deretter heim til Oregon. Madison gjekk på Portland State University i to år og studerte begge teater og psykologi.[4]

Karriere endre

I 1999 flytte Madison til Los Angeles.[2] Ho vart seinare ein fotomodell og jobba på Hooters. Ho vart lagt merke til og tok til å motta invitasjonar til Playboy Mansion. Etter å ha vitja herskapshuset i meir enn eit år vart Madison invitert til å bu der. Ho vart ein av dei sju offisielle kjærastane til Hugh Hefner i august 2001.

Madison vart i 2005 vist på framsida av, og inne i nummeret av tidsskriftet Playboy, for å fremje serien The Girls Next Door. Ho vart framsidejente på nytt i september 2006, mars 2008 og februar 2009-utgåvene av Playboy.

Madison er ein dyreelskar og byrja å skrive artiklar om dyr i 2006 for tidsskrifta til ein ven. I april 2007 var Madison avbilda naken i ein anti-pels annonse frå PETA med sitatet «I'd Rather Go Naked Than Wear Fur».[5]

Madison er òg stjerne i sin eigen reality-serie med namnet Holly's World.[6] Serien hadde opphavleg tittelen Planet Holly, og dreier seg om livet hennar på Planet Hollywood i Las Vegas. Serien byrja med ein forhåndsvisning episode 6. desember 2009 og hadde to sesongar.[7]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Katsilometes, John. «Holly: Dancing with the new star of Peepshow, the woman who plans to be the ultimate Miss Las Vegas». Las Vegas Weekly. Henta 18. juni 2009. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Biography». Offisiell nettside. Henta 28. september 2007. 
  3. «Holly Madison: Biography». TVGuide. Henta 29. august 2012. 
  4. «Interview: Holly Madison!!!». Spacecadetz.com. Henta 16. august 2009. 
  5. «Playboy Model Holly Madison Stars in 'I'd Rather Go Naked Than Wear Fur' Ad». furisdead.com. 20. april 2007. Henta 20. april 2007. 
  6. «Holly Madison Gets Her Own Reality Show». UsMagazine.com. 
  7. Clarke, Norm (22. november 2009). «NORM: Reality TV sets in for Holly Madison». Las Vegas Review-Journal. Henta 23. november 2009. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Holly Madison