Holm of Faray
Holm of Faray er ei lita øy i Orknøyane, nær Faray og Westray, som ho ligg mellom. I lag med naboøya Faray, har ho status som Site of Special Scientific Interest fordi mange gråsel føder ungane sine her.[1]
Holm of Faray | |||
øy | |||
Steinboge nord på Holm of Faray
| |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Region | Orknøyane | ||
Del av | Orknøyane | ||
Folketal | 0 | ||
Holm of Faray 59°14′02″N 2°49′45″W / 59.2339°N 2.82917°W | |||
Wikimedia Commons: Holm of Faray |
Geografi
endreHolm of Faray består av raud sandstein.[2] Øya er i røynda eit framhald av Faray, men mellom dei ligg Lavey Sound. Det høgaste punktet på øya ligg 16 meter over havet.
Øya ligg på vestsida av Sound of Faray, og på andre sida ligg den vesle Red Holm og North Ayre på Eday som ligg 1,9 km unna.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Holm of Faray» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Sites of Special Scientific Interest». Orkney Islands Council. Arkivert frå originalen 1. mars 2008. Henta 14. mars 2010.
- ↑ Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.