Havert

pattedyrart
(Omdirigert frå Gråsel)
Havert
Havert
Havert
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av havert
Utbreiinga av havert
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Ekte selar Phocidae
Slekt: Halichoerus
Art: Havert H. grypus
Vitskapleg namn
Halichoerus grypus

Havert, haverkn eller gråsel (Halichoerus grypus) er ein stor sel som lever i temperert til kjølig vatn langs den nordlege atlanterhavskysten. Det er òg ein liten bestand i Austersjøen. I Noreg er han vanlegast frå Trøndelag og nordover, med ei lita stamme ved kysten av Rogaland. Ein reknar med at det finst ein bestand på om lag 4500-5000 dyr i norske farvatn.

Haverten vert jakta på etter kvoter som overstig det Havforskningsinstituttet tilrår. Norsk raudliste for artar rekna han som nært truga i 2006, nedgraderte til livskraftig i 2010, men arten vart oppgradert igjen og kategorisert som sårbar frå 2021.[2]

SkildringEndra

 
Havert

Haverten er ein stor sel i norsk samanheng, men middelsstor viss ein reknar med arktiske og antarktiske artar. Hannar kan bli 2,5-3,3 m lange med ei vekt på opp til 300 kg, medan hoene oftast er mykje mindre; vanlegvis vert dei 1.6–2.0 m lange og veg 100–150 kg.

Haverten varierer i farge frå brun til grå, og er lett å kjenna att på den lange, krumme snuta. Hannen har i tillegg ei rekkje store hudfaldar på halsen. Oversida på dyret er dekt av små svarte flekkar.

LevesettEndra

Haverten lever som oftast i små flokkar ytst i skjærgarden. Der lever dei av fisk og blekksprut, som dei fangar på djupner ned til 70 m. I paringstida, som er om hausten hjå dei norske bestandane, samlar dei seg i større grupper.

Hoa går drektig i 8 månadar etter ei forseinka innplanting på 3 1/2 månad, og før ungane sine kort tid før paringa. Dei kan para seg både i vatn, på land og på is. Hannen samlar 6-7 hoer i eit harem, men ei ho kan la seg befrukta av meir enn ein hann.

Dei fleste ungane som vert fødd døyr unge.

KjelderEndra

  • Markussen, Nina: «Haverten» i Norges dyr, Cappelen 1992
  • Bowen, D. 2016. Halichoerus grypus. The IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T9660A45226042. Henta 20. juni 2022
  1. «Art havert Halichoerus grypus». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 20. juni 2022. 
  2. Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (2021, 24. november). Pattedyr: Vurdering av havert Halichoerus grypus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 20. juni 2022