Holmefjorden er ein fjord i Herøy kommune på Sunnmøre. Namnet vert nytta om det sjøområdet som ligg mellom øyane Nerlandsøya, Bergsøya, Leinøya og Remøya. Holmefjorden er delvis verna mot Norskehavet av holmane i Breidsundet, som òg har gjeve fjorden namnet sitt. Fjorden har ei lengd på 5 km frå nordvest til søraust. På det djupaste er fjorden 90 m.

Holmefjorden ved Søre Vaulen, med Nerlandsøya i bakgrunnen

Opninga til hamna i Fosnavåg ligg i Holmefjorden, der det er mogleg å kome seg vidare i 4 retningar.

  • I sørvest er Søre Vaulen, ei renne mellom Bergsøya og Nerlandsøya, utgravd og bygd bru over på 1960-talet.
  • I nordaust ligg Nøre Vaulen, ei renne mellom Remøya og Leinøya, utgravd og bygd bru over samstundes som Søre Vaulen.
  • I nordvest kan større skip som ikkje kjem seg gjennom vaulane, gå gjennom Breidsundet mellom Nerlandsøya og Remøya og vidare forbi Runde.
  • I søraust kan ein gå mellom Leinøya og Bergsøya berre med mindre båtar, då Straumsbrua vart erstatta av ei som ikkje kan opnast i 1990-åra.