Remøya
Øy i Norge
Remøya | |
---|---|
Geografi | |
![]() | |
Stad | Sunnmøre |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Areal | 3,6 km²
|
Høgaste punkt | Vardane (191 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | ![]() |
Fylke | Møre og Romsdal
|
Demografi | |
Folketal | 391 (2001) |
Folketettleik | 109 /km² |
Remøya er ei øy og ein tettstad i Herøy kommune i Møre og Romsdal.
Ein passerer Remøya når ein skal Runde, som ligg like nordom Remøya. Leinøya er ei anna naboøy i søraust. Det er bru mellom Remøy og Remøyholmen og vidare til Leinøya - Remøybrua. Det går òg bru mellom Remøya og Runde - Rundebrua.
Remøya har ein no nedlagd skule og eit bedehus, båe bygga vert nytta til 17. mai og elles gjennom året. Skulen vart bygd i 1939. Postadressa er 6094 Leinøy.