Opna hovudmenyen

Fosnavåg

by i Herøy kommune Møre og Romsdal

Fosnavåg er administrasjonssenteret i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Det som tradisjonelt har blitt rekna som Fosnavåg ligg mellom Ytre Herøy kyrkje og Igesund, medan ein i folkemengda for byen Fosnavåg reknar med heile Bergsøya. Det er vanleg å rekne grunnkrinsane Fosnavåg sentrum, Øvre Fosnavåg og Nørvåg som delar av Fosnavåg, deriblant halve Huldal, Kleiva og Vågsholm.

Fosnavåg
tettstad
Fosnavåg Heid tursti.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Herøy
Areal 3,05 km²
Folketal 3 610 (2017)
Folketettleik 1 184 / km²
Postnummer 6090 FOSNAVÅG
Wikimedia Commons: Fosnavåg


HamnaEndra

 
Fosnavåg ytre hamn

Fosnavåg er ei naturleg hamn, den største i Noreg, og har difor vore ein naturleg samlingsstad for båtar som har operert i nærleiken.

Bystatus og hamnestatusEndra

 
Herøy rådhus i Fosnavåg
 
Piren ved Holmsild brygge

Kommunestyret i Herøy vedtok 7. juni 2000 at Fosnavåg er ein by, noko som igjen bana veg for at Fosnavåg kunne få hamnestatus. Større skip som tidlegare måtte registrerast i Ålesund, kan no ha «Fosnavåg» i hekken. Det nye kystvaktskipet KV «Harstad», døypt 28. januar 2005, er blant dei fyrste med denne stadstilknytinga. «Bystatusen» førte også til ei større satsing frå handelsstanden og fleire butikkar har i dei seinare åra etterpå vorte samla under same tak.

TettstadEndra

Tettstaden Fosnavåg hadde 3 610 innbyggjarar per 1. januar 2017

NæringslivEndra

Reiarlag som Havila Shipping ASA, Olympic Shipping AS, Rem Offshore, Solstad Offshore, Bourbon Offshore Norway AS, Remøy Shipping AS og Remøy Management AS har kontor i Fosnavåg. Desse reiarlaga utgjer ein stor del av den maritime klyngenSunnmøre.

Fosnavåg vart i desember 2008 og 2010 kåra til Norges Næringsby av tidsskrifta Kapital og konsulentselskapet Dun & Bradstreet.[1]

Fosnavåg som slektsnamnEndra

Fosnavåg er eitt av dei sjeldnaste slektsnamna i Noreg, då det per mars 2005 berre er 6 personar som har det.

Sjå ògEndra