Holmgang

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå fjernsynsprogrammet Holmgang.

Holmgang var ei form for tvikamp brukt i norrøn tid som gjekk føre seg på ein holme, eit skjer eller ein annan avgrensa stad. Dei to som stod mot kvarandre slost til første blodsdråpe eller til døden. Ein kunne òg overgjeva seg, men dette blei rekna som eit tap av ære.

Egil Skallarimsson går holmgang. Måleri av Johannes Flintoe.

Tvikampforma er nemnd fleire gonger i sogelitteraturen. Holmgang blei avskaffa som dom i Noreg etter at kristendommen blei innført i mellomalderen.

BakgrunnsstoffEndra