Holst Point
Holst Point er eit nes ved Beascochea Bay som delar bukta i to armar, på vestkysten av Graham Land i Antarktis. Det vart først kartlagd av British Graham Land Expedition under Rymill, 1934–37, og vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee i 1959 etter Axel Holst, ein norsk biokjemikar som i 1907, i lag med Theodor C.B. Frölich, først produserte skjørbuk eksperimentelt og som la grunnlag for det seinare arbeidet med vitaminar.[1]
Holst Point | |||
nes | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 65°32′S 63°50′W / 65.533°S 63.833°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Holst Point 65°32′00″S 63°50′00″W / 65.5333°S 63.8333°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Holst Point». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 25. november 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Holst Point» (innhald frå Geographic Names Information System).