Homelite Corporation

Homelite Corporation er eit føretak som produserer motorsager, graslypparar, lauvblåsarar og liknande hagebruksreiskapar.

Homelite Corporation

Org.formSelskap
MorselskapTechtronic Industries
Nettstadhttp://www.homelite.com/
Homelite XL-800.

Soge endre

I 1921 stifta Charles H. Ferguson føretaket Home Electric Lighting Company i Port Chester i Connecticut i USA, for å produsera elaggregat[1]. Namnet på føretaket vart seinare forkorta til Homelite Corporation, og produkta vert selde under varemerket Homelite. Elaggregata var nytta på gardsbruk som ikkje hadde tilgang til elnettet.

I 1949 tok føretaket til å produsera motorsager. Den fyrste saga vart kalla 20MCS og hadde ein masse på 13.6 kg[1], noko som var svært lite på denne tida. I 1951 kom det ein forbetra modell, 26LCS. Denne modellen var populær og salet gjekk bra. I 1953 kom 5-30, som nytta magnesiumdelar for å redusera massen, og som hadde membranforgassar.

I 1955 vart føretaket selt til Textron Inc.m som held fram med motorsagproduksjonen. I 1956 kom EZ, som hadde direktedrift av kjeda. Tidleg på 1960-talet kom det fleire modellar med horisontal sylinder. Homelite var i sal i Noreg og oppnådde på 1960-talet ein viss popularitet på grunn av den låge massen. I 1964 vart Homelite seld til John Deere, som held fram med produksjonen av små motorsager[1]. I dag er Homelite eigd av det kinesiske føretaket Techtronic Industries, som held til i Hong Kong, og produserer motorsager for hobbymarknaden og andre hagereiskapar.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Lee, D., Chainsaws: A history, Harbour Publ., 2006.

Bakgrunnsstoff endre