Hopkinsbreen
Hopkinsbreen er ein isbre som flyt ut i Darbel Bay sør for Erskinebreen, på vestkysten av Graham Land i Antarktis. Han vart fotografert av Hunting Aerosurveys Ltd i 1955–57, og kartlagt frå desse bileta av Falkland Islands Dependencies Survey. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1958 etter sir Frederick Hopkins, som grunnla det biokjemiske instituttet ved Cambridge University og som utvikla syntetiske diettar og vitaminar. Dette var eit ledd i utviklinga av dagens konsentrerte matrasjonar.[1]
Hopkinsbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 66°36′S 65°42′W / 66.600°S 65.700°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Hopkinsbreen 66°36′S 65°42′W / 66.6°S 65.7°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Hopkins Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hopkinsbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).