Horndøla bru
Horndøla bru er namn på to bruer i Volda kommune i Møre og Romsdal. Bruene kryssar elva Horndøla (Honndøla) ved garden Muldsvor nær fylkesgrensa. Den gamle brua er ei 52 meter lang steinbru oppført med tørrmura utkraginsteknikk, truleg bygd i tida 1810–1813 der det før var ei eldre bru av tre og stein. Brua er relativt lang fordi elva på denne staden fløymer utover den flate dalbotnen. Horndøla bru vart ombygd i 1937, med ei 5 meter brei betongplate over brukara. I 1971 vart det bygd ei ny bru på staden, like ved den gamle. Den nye brua er ein del av fylkesveg 60. Gamle Horndøla bru vart restaurert av Statens vegvesen i 1993-1994.
Gamle Horndøla bru med spenn i utkragingsteknikk. Fjellet Hornindalsrokken i bakgrunnen. | |||
Type | vegbru | ||
---|---|---|---|
Stad | Volda i Møre og Romsdal | ||
Kryssar | Horndøla | ||
Horndøla bru 62°01′07″N 6°40′54″E / 62.0185°N 6.68153°E |
Den gamle brua var ein del av Den trondhjemske postvei på strekninga Grodås-Hellesylt, og er den største av bruene bygd langs postvegen på den tida.
Sjå også
endreKjelder
endre- Sogn og Fjordane Fylkesarkiv: Honndøla bru
- NRK fylkesleksikon: Samferdsle i Hornindal lese på nett 29. mars 2013.
- Tomasgard, Paul O. (2001): Honndøla bru. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane lese på nett 29. mars 2013.