Hornindalsrokken (1529 moh.) ligg på grensa mellom Volda og Stranda kommune på Sunnmøre ved Tyssevatnet inst i Hjørundfjorden. Fjellet blir rekna som ein del av Sunnmørsalpane.

Hornindalsrokken
fjell
Hornindalsrokken
Land  Noreg
Område Volda, Stranda
(Møre og Romsdal)
Fjellkjede Sunnmørsalpane
Høgd 1 529 moh.
Primærfaktor 460 m
Koordinatar 62°4′22.31″N 6°39′28.27″E / 62.0728639°N 6.6578528°E / 62.0728639; 6.6578528
Kart
Hornindalsrokken
62°04′19″N 6°39′27″E / 62.071944444444°N 6.6575°E / 62.071944444444; 6.6575
Wikimedia Commons: Hornindalsrokken

Toppen av Hornindalsrokken kan nåast både sommar og vinter. Om sommaren er den vanlegaste ruta frå Hornindalssætra / Sæterdalen i Hornindal kommune. Alternativ rute er Kjellstaddalen i Stranda kommune. Oppstigninga frå Sæterdalen og opp skaret mellom Hornindalsrokken og Lidafjellet er bratt og har parti med snø som ligg langt ut på sommaren. Turgåarar ventar ofte til oppstigninga er snøfri. Frå skaret er det vanleg å krysse i underkant av toppen, og runde mot toppen frå baksida. Som skitur er ruta via Kjellstaddalen einaste alternativ, men her òg kan det vere rasfare og store snøskavlar, spesielt tidleg på vinteren.

Frå Hornindalsrokken kan ein sjå både Sunnmørsalpane og Jostedalsbreen.

Nokre kjelder oppgjev høgda til å vere 1526 moh.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre