Den trondhjemske postvei
Den trondhjemske postvei er ein kulturhistorisk veg på om lag 700 km. Arbeidet med vegen byrja i 1780 og varte til 1804. Vegen vart brukt til postgang langs Vestlandet mellom Bergen og Trondheim.
Historie
endrePostvesenet i Noreg vart oppretta av Christian IV i 1647. Ordninga vart skipa av statthaldar Hannibal Sehested og førte til trong for faste postvegar og -ruter mellom dei største byane. Fram til 1719 var postvesenet privat og hadde få postruter. Frå Bergen var i byrjinga berre postvegsamband til Christiania. Frå 1719 overtok staten og i 1758 kom det ein ny forordning der det vart stilt større krav til standarden på vegane.[1] Ved kongeleg forordning av 1786 vart det fastlagt ei postrute med postang kvar veke mellom det som den gongen var landets to største byar, Bergen og Trondheim. Frå 1786 gjekk det også fast rute til Stavanger.
Postvegen gjekk dels langs i same trase som eldre vegar. Det vart også laga nye vegparsellar etter den tids vegbyggingsprinsipp, det franske prinsippet, med mest mogleg rette vegar. Vegingeniørar stakk ut veglinene og bøndene utførte sjølv byggjearbeidet. Vegen vart i utgangspunktet bygd som køyreveg (vognbreidde) på 3,7 m, sjølv om køyretøy med hjul var lite brukt på den tida - dei fleste gjekk til fots og enkelte brukte ridehest.[2] Dei nye postvegane frå denne tida medverka til utforminga av eit hovudvegsystem mellom hovudbyane Oslo, Bergen og Trondheim og hovudstaden København. Kring 1850 er usamanhengande delar av postvegen medrekna i det køyrbare hovudvegnettet.[3]
Langs postvegen var det lønna postbøndene som stod for arbeidet, dei fekk også fritak frå militærteneste og andre plikter.[3] Det var også utpeika eigne «postopneri» som sytte for fordelinga av posten i sitt distrikt. Til dømes var det på Hellesylt postopneri for Norddal prestegjeld som då omfatta både noverande Norddal kommune og Sunnylven med Geiranger. Presten som held til i Norddal henta posten på Hellesylt ved tenestereiser dit, ein gong i månaden eller annakvar månad.[4]
Trase
endreFrå Bergen gjekk vegen Sandviken-Munkebotn-Eidsvåg-Åsane-Rimmaskaret-Hordvik.[5][6] Frå Hordvik gjekk posten med båt over fjorden, gjennom Lindås til Gulen og Rutledal ved Sognefjorden. Deretter gjekk posten med båt over Sognefjorden til Leirvik i Hyllestad, vidare over land via Leirvik, Flekke, Dale i Fjaler og Bygstad til Førde vidare til Gloppen og over Utvikfjellet til Nordfjord.[7][8] Frå Utvik gjekk posten langs fjorden til Faleide, til fots over Markane til Grodås i Hornindal og vidare langs dalføret over fylkesgrensa til Hellesylt.[9] I Nordfjord vart det omkring 1800 bygd fleire bruer langs vegen, mellom anna den store Horndøla bru som vart brukt som køyrebru til 1971.[10]
Frå Hellesylt gjekk posten med robåt til Nedre Ljøen ved Sunnylvsfjorden der postbonden bar postsekken over Ljøfjellet til Stranda. Frå Stranda gjekk posten med båt langs Storfjorden heilt ut til Amdam der den gjekk over land nokre kilometer til Sjøholt og vidare over Ørskogfjellet (som dagens E39/E136) til Vestnes.[11] Posten gjekk med båt over Romsdalsfjorden til Molde og vidare via Angvik, Tingvoll, Surnadalen og Orkanger til Trondheim.[8]
Postvegen var den første opparbeida ferdselsvegen frå indre Nordfjord til Sunnmøre. Dagens fylkesveg 60 mellom Nordfjord og Stranda følgjer om lag same trase som postvegen. Traseen om Hornindal og Hellesylt var langt unna for dei meir sentrale stadane Nordfjordeid og Volda (der embetsmennene held til), og hovudruta vart etterkvart lagt lengre ut i Nordfjord og søre Sunnmøre om lag der E39 går i dag.[12] Frå 1867 var postruta over land lagt ned og posten vart i hovudsak sendt med dampbåt frå Bergen til Ålesund. Den indre ruta frå Faleide til Hellesylt var likevel i bruk til 1912.[13]
Nasjonal verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne
endreStore delar av postvegen er teken vare på. I nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner er tre parsellar valde ut i tre fylke til å representere den 695 km lange vegstrekninga, inkludert 150 km kryssing av fjordar og vatn. Parsellane går gjennom ulike slag landskap og dei skal vise utforminga postvegen fekk:
- I Møre og Romsdal gjeld det ei 5 km lang strekning over Ørskogfjellet, i Ørskog og Vestnes kommunar. Denne vegparsellen vart bygd i 1787.[14]
- I Sogn og Fjordane gjeld det strekninga mellom Postvåg i Halsvik og Rutledal i Gulen. Denne strekninga går 13 km på land og omkring 20 km over fjorden. Strekninga går frå Halsvik over Eide, Haveland steinkvelvbru, steinhellebruene Nordgulen bru og Trangane bru og Rutledal postkai. Vegen vart bygd i 1806, hellebruene 1800 og Haveland steinkvelvbru vart bygd i 1913.[15]
- I Hordaland gjeld det ei 8 km lang strekning i Lindås: Trælevikjæ, Nesfossen, Vågseidet, Hundvin steinkvelvbru, Hundvin og steinhellebruene Hetlehovde bru og Gaulen bru. Vegen og dei to hellebruene vart bygd i 1800. Hundvin steinkvelvbru var ferdig i i 1912.[16]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Den trondhjemske postvei» frå Wikipedia på bokmål, den 18. mai 2013.
- ↑ «Den Trondhjemske Postvei». Henta 25. april 2009.
- ↑ «Den Trondhjemske Postveg: Trælevikjæ - Vågseidet», www.digitaltfortalt.no, henta 14. november 2018
- ↑ 3,0 3,1 Innenlands samferdsel i Norge siden 1800, del 1: Demring. Redigert av Dag Bjørnland. Oslo: Grøndahl.
- ↑ Kleiva, Ivar (1976): Grunn og gror. Norddal bygdebøker. Valldal: Norddal kommune.
- ↑ «Postveien nordfra til Bergen». Bergens Tidende (på norsk bokmål).
- ↑ «Dalabygda». Bergens Tidende (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 16. mars 2014. Henta 29. mars 2013.
- ↑ NRK fylkesleksikon for Sogn og Fjordane http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Den_Trondhjemske_Postvei_i_Hyllestad lest på nett 14.12.2012
- ↑ 8,0 8,1 Bratberg, Terje (19. desember 2017). «Den Trondhjemske postvei». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Gamle_ferdslevegar
- ↑ *Tomasgard, Paul O. (2001): Honndøla bru. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane lese på nett 29. mars 2013.
- ↑ Stranda kommunes nettsider: Den Trondhjemske postveg. https://www.stranda.kommune.no/artikkel.aspx?AId=191&mid1=954 Arkivert 2014-03-16 ved Wayback Machine. lese på nett 14.12.2012.
- ↑ http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Den_Trondhjemske_Postvei_i_Stryn
- ↑ Fylkesarkivet SF: Den Trondhjemske postvei - frå Utvik til Sunnmøre.
- ↑ Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner Arkivert 2013-09-02 ved Wayback Machine. (avsnitt 145 Trondhjemske Postvei)
- ↑ Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner Arkivert 2013-09-02 ved Wayback Machine. (avsnitt 156 Trondhjemske Postvei)
- ↑ Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner Arkivert 2014-04-16 ved Wayback Machine. (avsnitt 164 Trondhjemske Postvei)