Horrocks Block
Horrocks Block er et stort firkanta klippeframspring som hovudsakleg består av sandstein, som ligg på nordsida av Venusbreen, 3,5 km sørvest for Keystone Cliffs, på austsida av Aleksanderøya i Antarktis. Det vart kartlagt av Directorate of Overseas Surveys frå satellittbilete tekne av amerikanske National Aeronautics and Space Administration i samarbeid med U.S. Geological Survey og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i samband med plasseringa nær Venusbreen etter Jeremiah Horrocks, den britiske astronomen som føresåg og først observerte ein Venuspassasje i 1639.[1]
Horrocks Block | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | 71°35′S 68°22′W / 71.583°S 68.367°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Horrocks Block 71°35′00″S 68°22′00″W / 71.5833°S 68.3667°W | |||
Horrocks Block verkar å ha noko tilknyting til den nærliggande Bandstone Block, sidan begge er firkanta framspring av sandstein.
Kjelder
endre- ↑ «Horrocks Block». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. januar 2014.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Horrocks Block» (innhald frå Geographic Names Information System).