Venusbreen
Venusbreen er ein isbre på austkysten av Aleksanderøya i Antarktis. Han er 19 km lang og 11 km brei ved munningen og flyt aust og ut i George VI Sound som ligg mellom Keystone Cliffs og Triton Point. Kysten i nærleiken vart først sett frå lufta av Lincoln Ellsworth den 23. november 1935 og grovt kartlagt frå bilete tekne på denne flyturen av W.L.G. Joerg. Isbreen vart først kartlagt i 1949 av Falkland Islands Dependencies Survey og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter planeten Venus, den andre planeten i solsystemet.
Venusbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | 71°38′S 68°15′W / 71.633°S 68.250°W | ||
Lengd | 19 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Venusbreen 71°38′00″S 68°15′00″W / 71.6333°S 68.25°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Venus Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).