Opna hovudmenyen

Koordinatar: 55°52′26.267″N 9°50′10.619″E

Horsens Statsfængsel i 2005.

Horsens Statsfængsel, tidlegare Horsens Tugthus og Horsens Straffeanstalt, opna i 1853, var eit fengsel i Horsens i Danmark som vart nedlagt i 2006. Då var det nye Statsfængslet Østjylland teke i bruk, og fangane vart flytta over dit. I dei seinaste åra hadde Horsens Statsfængsel vore brukt til fangar som sona lange fengselsstraffar. Fangane var i cellane berre om natta. Medan dei arbeidde i verkstaden på fengselet, og på kveldstid, fekk dei gå fritt ikring i dei ulike avdelingane.

KulturinstitusjonEndra

Etter at fengselet var lagt ned, har det vorte omdanna til ein kulturinstitusjon med namnet FÆNGSLET, som mellom anna hyser Fængselsmuseet, ei avdeling under Horsens Museum, der dei autentiske fengeselslokala, supplert med lyd, bilete og gjenstandar, gjev ålmenta ei særeigen museumsoppleving. Den tidlegare luftegarden på fengselet, der dei innsette hadde fått frisk luft og mosjon, er omgjort til konsertarena med utandørskonsertar og andre tilstellingar i sommarhalvåret. Fleire av dei andre lokala, mellom anna nokre av verkstadene, forsamlingshuset og gymnastikksalen, vert leigd ut som møtelokale, konferanselokale, festlokale og så bortetter.

Eurovision Song Contest 2014Endra

Etter at Danmark vann Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige kunne alle danske byane som ville arrangere Eurovision Song Contest 2014 melde seg på. Horsens Statsfængsel vart den femte som meldte seg på 23. mai 2014, men det er lite truleg at dei får arrangere Eurovision Song Contest av di konsertarenaen ligg utandørs.[1]

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. «Horsens vil holde Eurovision bag tremmer» (dansk). 23. mai 2013. Henta 23. mai 2013. 

BakgrunnsstoffEndra