Opna hovudmenyen

Koordinatar: 55°51′47.430″N 9°51′47.333″E

Horsens Museum
StadHorsens i Danmark
Skipa1906
MuseumstypeKulturhistorisk museum
DirektørAnne Bjerrekær
Nettstadhttp://www.horsensmuseum.dk/

Horsens Museum i Sundvej 1A i Horsens i Østjylland i Danmark er eit kulturhistorisk museum med faste og skiftande utstillingar, og dessutan ei arkeologisk avdeling som står for utgravingar og granskingar av forminne i området. Til museet høyrer òg ei fengselshistorisk avdeling på det nedlagde Statsfængslet i Horsens.

Museet har sitt opphav i Museumsforeningen i Horsens, som vart skipa i mars 1906 av folk i Horsens med formålet «At vække og vedligeholde Sansen for Kunst og historiske Minder». Difor hysa museet både kunst- og kulturhistoriske samlingar i mange år. I dei fyrste åra var samlingane stilt ut i lokale som foreininga leigde på Teknisk Skole i byen. Men etter å ha fått ei testamentarisk gåve, kunne det byggjast ein eigen museumsbygning i Sundvej, som vart teke i bruk i oktober 1915. Her held no Horsens Museum til, medan kunstsamlinga, som i 1984 vart skild ut som det sjølvstendige Horsens Kunstmuseum, har sine lokale i Pavillon Lunden i Carolinelundsvej 2.

BakgrunnsstoffEndra