Houla
Houla eller Houlasletta (arabisk الحولة, al-Ḥūlāh) er eit område som består av tre landsbyar i Homs guvernement sentralt i Syria, nordvest for byen Homs. Landsbyane, Taldou, Kafr Laha og Tell Dahab har kvar 25–30 000 innbyggjarar.[1] Busetnaden er i røynda ein sunnimuslimsk by omgjeve av alawittlandsbyar.[2] Mange av innbyggjarane i Houla-landsbyane er av tyrkisk opphav.[3]
Houla | |||
slette | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Homs guvernement | ||
Koordinatar | 34°53′7″N 36°30′42″E / 34.88528°N 36.51167°E | ||
Houla 34°53′47″N 36°29′36″E / 34.896377°N 36.493231°E | |||
Kart som viser Houla.
|
Houla vart skildra på 1800-talet av den engelskmannen Eli Smith som eit lågtliggande landområde på austsida av al-Ansariyahfjella.[4] Ein av landsbyane, Taldou,[5] ligg i utkanten av Houla.[6] Den største landsbyen i Hoularegionen hadde over 20 000 innbyggjarar i 2004 og heiter Kafr Laha (arabisk كفرلاها).[7]
Den syriske geografen Yaqut al-Hamawi vitja al-Houla i 1226 under Ajjubide-dynastiet og skreiv at staden høyrte til Jund Hims (militærdistriktet Homs).[8]
I mai 2012 vart dei to landsbyane Taldou og al-Shoumarieh[9] utsett for ein stor massakre av sivile og stadige kampar mellom Den frie syriske armeen og Det syriske forsvaret.[5][6]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Houla» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Hartmann, Martin (2012). Reisebriefe aus Syrien (på tysk). Books on Demand. ISBN 3864448018.
- Smith, Eli; Robinson, Edward (1841). Biblical Researches in Palestina, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the Year 1838 3. Crocker and Brewster.
- ↑ Musin, Marat; Kulygina, Olga; Chossudovsky, Michel (editing) (June 1, 2012). «THE HOULA MASSACRE: Opposition Terrorists «Killed Families Loyal to the Government»». Voltaire Network. Arkivert frå originalen 28. mars 2014. Henta 31. mars 2014.
- ↑ Lyons, John (June 1, 2012). «Syria's deadly dynasty». The Australian. Henta June 9, 2012.
- ↑ Hartmann, 2012, s. 54.
- ↑ Smith, 1841, s. 179.
- ↑ 5,0 5,1 «Shelling of Houla area in Syria reportedly kills at least 90». Los Angeles Times. 31. mars 2014. Henta 31. mars 2014.
- ↑ 6,0 6,1 «Anger in Syria After Ceasefire 'Massacre'». Sky News. 31. mars 2014. Henta 31. mars 2014.
- ↑ «2004 General Census». Central Bureau of Statistics. Arkivert frå originalen 29. juli 2012. Henta 31. mars 2014.
- ↑ le Strange, Guy (1890). Palestine Under the Moslems. Palestina Exploration Fund. s. 455.
- ↑ «Syria: Armed Terrorist Groups committed Taldao, al-Shoumarieh Massacres». DP News. May 29, 2012. Arkivert frå originalen 7. april 2014. Henta 31. mars 2014.