Opna hovudmenyen

Kafr Laha (arabisk كفرلاها) er ein by i Homs guvernement nord for Homs nord i Syria.[1] I 2004 hadde han eit folketal på 20 041 i følgje Statistisk sentralbyrå i Syria.[2] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[3] Han er den største byen i Houla-regionen. Av stader i nærleiken finn ein Tallaf i nordaust, Tell Dahab i nord, Aqrab i nordvest, Qarmas og Maryamin i vest, al-Taybah al-Gharbiyah i sørvest og Taldou i søraust.

Kafr Laha
كفرلاها, Kafar Laha
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Homs
Distrikt Taldou
Nahiyah Kafr Laha
Koordinatar 34°52′59″N 36°30′0″E
Folketal 20 041 (2004)
Tidssone EET (UTC+3)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

HistorieEndra

Kafr Laha er identifisert som den antikke arameiske busetnaden Byt'l eller «Bethel».[4]

Det var demonstrasjonar i Kafr Laha mot Assad-regjeringa under den syriske borgarkrigen, som byrja i 2011.[5]

KjelderEndra

  1. U.S. National Geospatial-Intelligence Agency Geographic Names Database, 2012
  2. «2004 General Census». Statistisk sentralbyrå i Syria. Henta 31. mars 2014. 
  3. Smith, 1841, s. 179.
  4. Lipinsky, Edward. Arameans: Their Ancient History, Culture, Religion Peeters Publishers, 2000. s. 203. ISBN 9042908599
  5. «Arabic League meets to discuss Syrian plan». Al Jazeera. 2 Nov 2011.