Hourglass av America

Hourglass
Studioalbum av America
Utgjeve 17. mai 1994
Innspelt 1994
Sjanger Softrock
Lengd 48:16
Selskap American Gramaphone
Produsent Gerry Beckley, Dewey Bunnell, Steve Levine
America-kronologi 
Encore: More Greatest Hits
(1991)
Hourglass In Concert
(1995)


Hourglass er det trettande studioalbumet til den amerikanske folkrockduoen America, gjeve ut av American Gramaphone i 1994. Dette var det første nye studioalbumet til America sidan Perspective frå 1984. Det vart gitt ut to singlar frå albumet, «Young Moon» og «Hope», men deinådde ikkje hitlistene i USA. Songane fekk meir speletid i Europa. Songen «Hope» vart ein kjenningsmelodi for TJ Martell Foundation og vart spelt inn av ei gruppe countrystjerner i ein innsamlingsaksjon for stiftinga. Innspelinga av «You Can Do Magic» som er inkludert her er ikkje hit-versjonen, men ei nyinnspeling som er svært lik.

Skodespelaren/musikaren Bill Mummy bidrog til dette albumet ved å skriva «Sleeper Train» og «Greenhouse» og bidrog med ekstra gitararbeid.

Mottaking

endre
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [1]
The Rolling Stone Album Guide     [2]

AllMusic hevda at albumet «høyrest både kjent og friskt ut» og at songane er jamt over gode, ei overrasking for eit band så gammalt som America. Opningssporet «Young Moon» «er like bra som nokre av hittane i gruppa.»[1].

Innhald

endre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Young Moon»Gerry Beckley, Dewey Bunnell4:27
2.«Hope»Beckley5:21
3.«Sleeper Train»Bunnell, Bill Mumy, Robert Haimer4:20
4.«Mirror to Mirror»Beckley4:08
5.«Garden of Peace»Beckley, Bunnell4:21
6.«Call of the Wild»Beckley3:17
7.«Whole Wide World»Bunnell3:25
8.«Close to the Wind»Beckley, Steve Levine5:33
9.«Greenhouse»Bunnell, Mumy, Haimer2:35
10.«Ports-of-Call»Beckley, Bunnell4:11
11.«Everyone I Meet Is From California»Dan Peek2:51
12.«You Can Do Magic»Russ Ballard3:44

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Hourglass av AmericaAllmusic
  2. Cross, Charles R. (2004). «America». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 16. ISBN 0-7432-0169-8.