Hovdehytta
59°33′43.4″N 7°21′11.8″E / 59.562056°N 7.353278°E Hovdehytta er ei privat turisthytte i Bykle kommune i Agder, ved Hartevatnet vest for riksveg 9 ved Hovden.
Hytta ligg 770 moh. og er den eldste turiststaden på Hovden. Ho var opphavleg bygd i 1913, og er seinare utvida fleire gonger. I 2001 vart hytta bygd om og totalrenovert. Hovdehytta har tidlegare høyrd til Kristiansand og Opplands Turistforening.
Kjelder
endre- «Hovdehytta_-_Hovden» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
endre- Nettsidene til Hovdehytta Arkivert 2014-02-02 ved Wayback Machine.