Opna hovudmenyen

Riksveg 9

veg i Aust-Agder, Vest-Agder og Telemark
Riksveg 9
Stamveg 9 logo
{{{namn}}}
Riksvei 9 på bru mellom Byglandsfjorden og Åraksfjorden
Strekning
HaukeliKristiansand
Riksveg 9
Riksveier Telemark Aust-Agder Vest-Agder.svg
Informasjon
Lengd 235,7 km
Status riksveg
Tilstøytande vegar
Stamvei E18.svg  Stamvei E39.svg  Stamvei E134.svg 
Restriksjonar
Bomstasjonar 2
Kolonnekjøring
om vinteren
HaukeliHovden
Bykleheivegen i Vinje i Telemark
Hægeland stasjon på den nedlagde Setesdalsbanen er i dag steinsenter.
RIksveg 9 gjennom Setesdalen bind Aust-Agder og Vest-Agder saman.

Riksveg 9 (Rv9) vert ofte kalla Setesdalsvegen og er hovudfartsåra gjennom Setesdal. Vegen går frå Kristiansand i sør, gjennom Setesdal til Haukeligrend i Telemark i nord der han møter Europaveg 134. Vegen går gjennom Vest- og Aust-Agder fylke. Han går via Mosby, Homstean, Skarpengland, Hægeland, Hornesund, Hornnes, Evje, Byglandsfjord, Bygland, Ose, Hylestad, Valle, Flateland, Rygnestad, Bykle, Hovden og Bjåen til Haukeli. Vegen fekk status som stamveg i 2003.

Vegen er 235,7 km lang, med 45,1 km i Vest-Agder, 175 km i Aust-Agder og 15,6 km i Telemark.

HistorikkEndra

Setesdal har til alle tider vore vanskeleg tilgjengeleg. Folk og fe måtte i tidlegare tider ta seg over fjellet frå Fyresdal og Mo i aust, frå Vinje i nord, frå Suldal, Lyse eller Sirdal i vest. Den såkalla Bispevegen gjekk frå Fyresdal til Valle i Setesdal over heiedalføret Finndalen.

Det vart lagt postveg frå sør i 1840. Frå 1867 til 1879 vart veganlegget ført frå Valle til Bykle. I 1936 var vegen komen fram til Bjåen, vel tre mil nord for Bykle kyrkje. Først etter andre verdskrig vart vegen bygd vidare nordover til Grungedal i Telemark.

Om to av dei mest kritiske punkta undervegs snakkar folk framleis. Det verste var Fånekleivi aust for Byglandsfjorden, ca 5 km sørom Bygland, men Byklestigen sør for kyrkjebygda i Bykle låg ikkje langt etter. Dagens vegtrasé går i tunnel på 611 meter gjennom Fånefjell.

Ved Byklestigen stuper fjellet bratt ned i Otra. Ein smal trappeveg førte opp fjellsida. På toppen av stigen går vegen langs eit svaberg der det var lagt opp feste av stein og torv. Det var råd å køyre med slede om vinteren og gå med kløvhest om sommaren. Men begge delar var vanskeleg og kunne vere farleg. Vinterstid måtte hestane hjelpast av folk når det var is og hålke. To mann held i hesten framme og ein gjekk bak og støtta.

Også på her går dagens veg i tunnel.

Kommunar og knutepunktEndra

  Telemark Endra

Vinje kommune
  • E134 Tallaks bru, Haukeli
  •   Høgaste punktet på vegen, 917 moh.

  Aust-Agder Endra

Bykle kommune
Valle kommune

Bygland kommune

Evje og Hornnes kommune

  Vest-Agder Endra

Vennesla kommune
Kristiansand kommune

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Riksvei 9» henta frå Wikipedia på bokmål 3. januar 2010.