Hovslagar er nemninga på ein person som skor hestar, det vil seie å tilpasse hestehoven og hesteskoen til kvarandre ved å skjere til hoven, og deretter feste skoen til hoven med ein særskild type spikrar, sokalla hesteskosaum.

Hovslagar i Italia.
Verktøykassa til ein hovslagar og ulike hestesko

Hesteskoa er vanlegvis laga av jarn. I tidlegare tider vart dei framstilt i dei lokale smiene, og difor var det smeden på staden som skodde hestane og soleis lett kunne tilpasse skoa til hestehovane. I vår tid er det vanlegvis standardiserte, maskinsmidde hestesko i ulike storleiker som vert nytta, og hovslagar har vorte eit eige yrke. I Noreg er hovslagarutdanninga to år med skule og to år i lære.

Hovslagaryrket vart mest utsletta ei tid etter at arbeids- og transporthestane vart utkonkurrert av traktorar og bilar. Men hestehaldet har auka i den seinare tida etter at hesten har vorte eit populært sports- og fritidsdyr, og faget har fått nytt liv.

Sjå òg endre

Hestesko

Bakgrunnsstoff endre