Hovudseriefinalen i fotball 1949

Hovudseriefinalen i fotball 1949 vart avvikla med heimekamp og bortekamp for dei to avdelingsvinnarane i Hovudserien 1948/49, Fredrikstad Fotballklubb og Vålerengens Idrettsforening frå Oslo. Fredrikstad FK vart hovudseriemeister etter å ha vunne 3-1 på bortebane og 3-0 på heimebane, samanlagt 6-1.

Den fyrste finalekampen fann stad måndag 6. juni 1949 på Bislett stadion framfor 20 000 tilskodarar. Dei fekk sjå FFK-spelarane Thorleif Larsen og Leif Pedersen skåre kvar sitt mål i den fyrste omgangen. VIF reduserte etter pause ved Gunnar Pedersen, før Henry Johannessen i det 83. minutt fastsette sluttresultatet til 3-1 i FFK.

Returoppgjeret på eit fullsett Fredrikstad stadion sundag 12. juni enda med 3-0 til heimelaget etter målkjenningar i det 54. minutt ved Willy Olsen og i 65. og 89. minutt ved Knut Brynildsen.

Fredrikstad sitt vinnarlag bestod av Hans Hansen i mål, Bjørn Spydevold, Erik Holmberg, Per Spydevold i forsvar, Gunnar Andreassen og Odd Andresen på midten, med Thorleif Larsen, Leif Pedersen, Knut Brynildsen, Henry Johannessen og Willy Olsen i løparrekka.

Vålerengen mønstra Arild Andresen, Rolf Svendsen, Ragnar Andresen, Thorleif Olsen, Ragnar Berge, Einar Winther, Trygve Arnesen, Roger Perets, Leif Olsen, Leif Fjeldhammer og Gunnar Pedersen.

Kjelder endre