Opna hovudmenyen

Gunnar Andreassen

norsk fotballspelar

Gunnar Andreassen (5. januar 191323. juli 2002) var ein norsk fotballspelar som vann fire NM-finalar med Fredrikstad Fotballklubb i tida 1935-40 og vart to gongar noregsseriemeister og hovudseriemeister i 1949. Han spelte to landskampar.

Gunnar Andreassen
Fødd 5. januar 1913
Fredrikstad
Død

23. juli 2002

Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Innhaldsliste

KlubbspelEndra

Andreassen var midtbanespelar på Fredrikstad FK sitt sigerrike lag i åra før 1940. Saman med spelarar som Knut Brynildsen og Rolf Johannessen sanka han seks nasjonale pokalar i åra frå 1935 til 1940. Det tok til med siger over Sarpsborg FK i cupfinalen 1935, forsvar av NM-tittelen mot finalemotstandar Mjøndalen IF året etter. I 1938 vann FFK den aller fyrste norske seriemeisterskapen i fotball, Norgesserien 1937/38, og der etter sigra laget på nytt over Mjøndalen IF i cupfinalen 1938. Fredrikstad FK vann også Norgesserien 1938/39, før laget hausten 1940 sikra sitt fjerde NM-gull på seks år med cupfinaletriumf 3-0 over IK Skeid. Etter verdskrigen tapte FFK tre cupfinalar i perioden 1945-48, før Andreassen i juni 1949 opplevde sin siste pokalsiger då Fredrikstad Fotballklubb i juni 1949 vann den aller fyrste hovudserien i fotball med to klare finalesigrar over Vålerengen IF.

LandslagsspelEndra

Andreassen spelte to landskampar. I september 1939 var han med å tape mot Sverige på heimebane, knapt seks år seinare leid han same skjebna mot Danmark i København.

MerittarEndra

  • Cupmeister med Fredrikstad: 1935, 1936, 1938 og 1940
  • Vinnar av Norgesserien med Fredrikstad: 1938 og 1939
  • Vinnar av Hovudserien med Fredrikstad: 1949

KjelderEndra