Hovudseriefinalen i fotball 1951

Hovudseriefinalen i fotball 1951 omfatta heimekamp og bortekamp mellom avdelingsvinnarane i Hovudserien 1950/51, Fredrikstad Fotballklubb og Odds Ballklubb frå Skien. Fredrikstad FK vann begge finalekampane og vart hovudseriemeister for andre gong med samanlagt 7 mål mot 3.

Odd BK sin heimekamp torsdag 21. juni 1951 enda med siger 3-1 til bortelaget FFK. FFK tok leiinga i det 16. minutt ved Odd Aas og laget auka til 2-0 i det 43. minutt. I det 62. minutt reduserte Rolf Lunde for Odd, før Henry Johannessen fastsette sluttresultatet til 3-1 i det 80. minutt.

På returkampen tysdag 26. juni var det einast 7 000 tilskodarar til stades på Fredrikstad stadion. Dei såg Ragnar Larsen og Per Jacobsen sende Odd opp i 2-0 til pause. I andre omgang dominerte FFK oppgjeret og Arne Pedersen reduserte i det 50. minutt og Henry Johannessen utlikna til 2-2, før Pedersen skåra ein gong til og Johannessen, nett som i fyrste finalekamp, avslutta skåringane, her til 4-2.

Fredrikstad FK sitt vinnarlag bestod av Kjell Huth, Helge Sveberg, Leif Pedersen, Erik Holmberg, Bjørn Spydevold, Arne Pedersen, Odd Aas, Henry Johannessen og Willy Olsen.

Odd mønstra mellom andre målvaktene Evald Kihle og Helge Holmberg, Johannes Pettersen, Harald Johansen, Magne Helland, Willy Buer, Ragnar Larsen, Bjarne Nordahl, Odd Johannessen, Kjell Johannessen, Halvorsen, Per Jacobsen, Dagfinn Nilsen, Rolf Lunde.

Bjarne Beck dømde kampen i Skien.

Kjelder endre