Hovvatn i Valle og Fyresdal
Hovvatn (eller Hovatn)[1] er ein innsjø som i hovudsak ligg i Valle kommune i Agder, men som har utløpet sitt i Fyresdal kommune i Telemark. Vatnet vert drenert via elva Finndøl.
Hovvatn | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark, Agder | ||
Kommunar | Fyresdal, Valle | ||
Høgd over havet | 685,49–706,49 moh. | ||
Areal | 7,02 km² | ||
Kystlengd1 | 24,51 km | ||
Koordinatar | 59°12′18″N 7°43′26″E / 59.20500°N 7.72389°E | ||
Hovvatn 59°13′33″N 7°42′08″E / 59.225833°N 7.702222°E | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Vatnet er regulert i samband med Haukerei og Finndøla kraftverk og saman med Fisstøylvatnet og Raudvatnet er det danna ein samanhengande sjø. Hovvatn vert brukt som nemning på heile magasinet,[1] men «Torsdalsmagasinet» vert òg brukt. Magasinet vert regulert mellom 685,49 og 706,49 moh, og ved høgaste vasstand er arealet 7,02 km².[2]
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Fakta om stadnamn: Hovvatn». Kartverket. Henta 6. mai 2015.
- ↑ «NVE Atlas» (Vannkraft – Magasin N50) Arkivert 2015-06-26 ved Wayback Machine., Norges vassdrags- og energidirektorat
Denne geografiartikkelen som har med Agder og Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.