Hoylake er ein kystby i Merseyside, like vest for Liverpool i det vestlege hjørnet av halvøya Wirral der elva Dee renn ut i Irskesjøen.

Hoylake

Stranda i Hoylake
Stranda i Hoylake
Stranda i Hoylake
Plassering
Hoylake is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Merseyside
Distrikt Wirral
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

5 710
Koordinatar 53°23′N 3°11′W / 53.383°N 3.183°W / 53.383; -3.183
Diverse annan informasjon
Postnummer CH47
Telefon-retningsnummer 0 0151 632
Commons har multimedium som gjeld: Hoylake

Byen voks fram på 1800-talet som ein fiskarlandsby. På grunn av gjenmudringa av Deefjorden er det lite fiske der i dag, men byen har ein permanent redningsstasjon og ein seglklubb. Hoylake fungerer no mest som ein soveby, med lite lokal industri.

Inntil 1974 hadde Hoylake eit eige distriktsråd og borgarmeister, men vart så innlemma i distriktet Wirral i det nyoppretta grevskapet Merseyside. Ein del av innbyggjarane er lite nøgd med dette, og har drive ein kampanje for å igjen høyre til Cheshire, utan at dei har fått gehør for dette.

Byen er heimstaden til Royal Liverpool Golf Club, som har vore vertskap for fleire store turneringer som The Open Championship og Walker Cup. Klubben vert på grunn av plasseringa si ofte kalla Hoylake. I 2006 var han igjen vertskap for Open; det var då førti år sidan sist. Hoylake har òg ein aktiv rugbyklubb.

På sandbankane omkring halvannan kilometer utanfor Hoylake ligg ein av de fremste stadane for sandsegling i Storbritannia. Byen var vertskap for europameisterskapen i 2007.

Det er to jernbanestasjonar i byen: Hoylake og Manor Road.

Blant kjente folk frå byen finn ein den tidlegare skodespelaren og parlamentsmedlemmet Glenda Jackson, James Bond-skodespelaren Daniel Craig, Julian Lennon (den første kona til John Lennon, Cynthia budde i Hoylake i mange år) og medlemmane i bandet The Coral.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre