Hubertine Auclert
Hubertine Auclert (10. april 1848–4. august 1914) var ein fransk kvinnesaksforkjempar og skribent som særleg gjekk inn for røysterett for kvinner og retten for kvinner til å stilla til val. Ho var den første dokumenterte kvinnesaksforkjemparen som brukte nemninga «feminist», i 1882.
Hubertine Auclert | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 10. april 1848 Saint-Priest-en-Murat |
Død |
8. april 1914 (65 år) |
Yrke | journalist, kvinnesaksforkjemper, redaktør, stemmerettsforkjempar, bibliotekar |
Hubertine Auclert på Commons |
Auclert var fødd i landsbyen Saint-Priest-en-Murat i Auvergne i ein middelklassefamilie. Faren døydde då ho var tretten, i 1861, og mora fem år seinare, i 1866. Auclert blei utdanna i kloster, og tenkte ei tid på å bli nonne. Ho blei avvist av to kloster, det siste fordi ho var «for sjølvstendig», og uttrykte seinare sterke antiklerikalske haldningar. Ho forlét klosterlivet og slo seg i staden ned i Paris.
Hubertine Auclert kom frå ein republikansk familie, og var sjølv sterk republikanar. Ho blei kjend med forfattaren Victor Hugo som fekk henne med i avisa l'Avenir des femmes, som var driven av Maria Deraismes og Léon Richer. Inspirert av deira tankar grunnla Auclert i 1876 laget Le droit des femmes ('kvinneretten') som i 1883 bytta namn til Le suffrage des femmes ('kvinnerøysteretten'). I 1881 grunnla Auclert avisa La citoyenne, hovudsakleg for å kjempa for fulle demokratiske og borgarrettar for franske kvinner. Av alle rettane kvinner mangla på denne tida meinte ho dei demokratiske rettane måtte koma før dei sivile, som eigedoms- og skilsmisserettar.
I 1880 byrja Auclert ein skattestreik ettersom ho ikkje hadde røysterett. Ho tapte saken i den franske høgsteretten, men blei vener med ein av dei juridiske rådgjevarane sine, Antonin Lévrier, og gifta seg med han i 1887. Hubertine Auclert budde med ektemannen i Algerie frå 1888 til 1892. Auclert og medskribentar fann at «usiviliserte» kvinner kunne ha høgare status og betre liv enn kvinner i «siviliserte» Frankrike.
Då dei franske styresmaktene tillét skilsmisse i 1884 kritiserte Auclert loven for å framleis fråta kvinna løna hennar. Ho gjekk inn for ein ekteskapskontrakt der ektefellane hadde separate eigedelar. Gifte kvinner fekk kontroll over si eiga lønning i 1904, men hadde framleis ikkje stemmerett. Dette året knuste ho ein stemmeboks under kommunevalet i Paris. I 1910 stilte ho og Marguerite Durand til parlamentsvalet i protest mot styresmaktene, men blei ikkje uventa forkasta.
Hubertine Auclert fortsette som aktivist fram til ho døydde i 1914, 65 år gammal. Ho blei gravlagd ved Père Lachaise-kyrkjegarden i Paris. Franske kvinner fekk røysterett i 1944.
Kjelder
endre- Karen Offen, «Sur l'origine des mots "féminisme" et "féministe"», Revue d'histoire moderne et contemporaine (1954-), T. 34e (Société d'Histoire Moderne et Contemporaine): 492-496
- Carolyn J. Eichner, «La citoyenne in the World: Hubertine Auclert and Feminist Imperialism», French Historical Studies, Vol. 32, No. 1 (WINTER 2009), pp. 63-84 (Duke University Press)
- Denne artikkelen bygger på «Hubertine Auclert» frå Wikipedia på fransk, den 6. juli 2014.
- Wikipedia på fransk oppgav desse kjeldene:
- Hubertine Auclert, les Femmes arabes en Algérie, Paris, Société d'éditions littéraires, 1900
- Mona Ozouf, Les Mots des suffragettes, Paris, Fayard, 1995
- Steven C. Hause, The French suffragettes, Londres, Yale University Press, 1987
- Jean-Louis Debré; Valérie Bochenek (2013), Arthème Fayard, red., Ces femmes qui ont réveillé la France, Paris, s. 374, ISBN 978-2-213-67180-2
- Pierre Tourev (2014), La Toupie.org, red., Toupinoscope: Hubertine Auclert. Journaliste et militante féministe française, henta 10, mai 2014