Henry Hudson (22. september 15701611) var ein engelsk oppdagingsreisande og sjøfarar.

Henry Hudson

Statsborgarskap Kongeriket England
Fødd 1565
Kongeriket England
Død

Jamesbukta

Yrke oppdagar, sjøfarer
Språk engelsk
Henry Hudson på Commons

Hudson prøvde å finna ei sjørute til Asia gjennom Nordvestpassasjen og over Nordpolen gjennom ekspedisjonar mellom 1607 og 1611. Ved eit seinare forsøk måtte ekspedisjonen snu ved Novaja Zemlja, og han fortsette mot vest, til Newfoundland og nordaust-kysten av det som i dag er USA. Her utforska han i 1609 på oppfordring frå nederlandske styresmakter kystområda kring New York, Maine og Cape Cod og eit stykke av Hudsonbukta og Hudsonelva, som begge er blitt kalla opp etter han.

I 1610 la han ut på ein ny ekspedisjon for å finna ein nordleg sjøveg til Asia. Etter å ha måtta overvintra i det som no er Hudsonbukta i Canada, utførte mannskapet på skipet mytteri våren etter, då Hudson ville fortsetja ekspedisjonen. Hudson, den mindreårige sonen hans John og sju andre, som anten var sjuke eller hadde tatt parti for Hudson, blei sette på havet i ein liten båt og blei aldri sett igjen.

Bakgrunn endre

Hudson var fødd i London. Bestefar hans heitte også Henry Hudson, og var elderman i London og var med på å grunnlegga Muscovy handelskompani. Henry Hudson vart gift med Katherine Hudson, og dei fekk tre søner: John, Richard og Oliver Hudson. Muscovykompaniet fekk monopol på handelen mellom England og Russland og hadde som mål å finna Nordaustpassasjen. Ein har ikkje i øvrig kjennskap til livet hans, men ein kan tru at han tok del i seglasar for Muscovykompaniet og studerte kartografi, navigasjon, astronomi, matematikk og sjømannskunst som ung.

Oppdagingar endre

I 1607 blei han vald ut av Muskovykompaniet til å leia ein ekspedisjon for at finna ein veg over Nordpolen til Japan og Kina.[1] Skipet hans («Hopeful») var ganske lite, og hadde eit mannskap på berre 10 mann. Han segla ut i mai, men ismassar tvinga han til å bøya av frå Grønland i nordaustleg lei slik at han nådde Spitsbergen. Han fortsette langs kysten av øygruppa og segla til 81° N, der ekspedisjonen på grunn av mangel på mat blei nøydd til å snu. På heimvegen oppdaga han øya som seinare fekk namnet Jan Mayen.

Det følgjande året prøvde han å finna Nordaustpassasjen. Han drog forbi Nordkapp og nådde fram til Novaja Semlja, der vidare seglas blei hindra av is som tvinga han til å snu.

 
Skipet «Halve Maen»

I 1609 prøvde han å finna ein passasje mot vest for Det nederlandske austindiakompaniet med skipet «Halve Maen» ('Halvmåne') på lågare breiddegrader, og utforska trakta kring munningen av elva som seinare blei kalla opp etter han, Hudsonelva.

 
Geografisk kart frå den fjerde reisa til Hudson

Hudson la ut på si siste reise i 1610 med skipet «Discovery» for engelsk rekning, også denne gongen mot vest, men nordlegare. Han reiste nordpå langs vestkysten av Grønland, sigla gjennom Hudsonsundet og kom så inn i bukta kalla opp etter han. Då han i byrjinga trudde å ha vore nådd fram til Stillehavet, undersøkte han til bukta aust kyst og overvintra i Jamesbukta. I juni året etter kom han fri frå isen og segla skipet heimover. Som følgje av mangel på fødevarer og motvilje mot Hudson som ekspedisjonsleiar utførte mannskapet mytteri. Hudson, sonen eller stesonen hans og nokre andre blei sett i ein båt av mytteristeane, som dytta han ut i isen og overlet dei til lagnaden sin. Av mannskapet kom berre nokre få tilbake til Irland, dei andre blei slått ihel av oprørsfellene sine eller døydde av svolt. I 1612 blei det sendt ut to fartøy under leiinga av sir Thomas Button for å finna ut kva som hadde skjedd med Hudson. Men trass i ettersøkingar av Button og av William Baffin i 1614 blei lagnaden til Hudson og dei som var med han verande ukjend.

Kjelder endre