Huetar
Huetar | ||
Klassifisering: | Chibchansk Votisk Huetar | |
Bruk | ||
Var tala i: | Costa Rica | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3: | - |
Huetar er eit utdøytt chibchansk språk. Det var det viktigaste og mest utbreidde språket i Costa Rica då området vart kolonisert på 1500-talet. Huetar vart rekna som hovedspråket i provinsen Costa Rica under koloniseringa. Det vart snakka i Valle Central heilt til Stillehavskysten i aust og til Cordillera dei Guanacaste i vest. Språket døydde ut på byrjinga av 1700-talet.[1] Til trass for kor viktig språket var på 1500-talet, finst det ingen tekster på huetar. Huetar tilhøyrer sannsynlegvis den votiske undergruppa av chibchanske språk, saman med maleku og rama.
Mange stadnamn i Costa Rica stammar frå huetar. Blant desse er Curridabat, Escazú, Tacacorí, Pocares, Aserrí, Tibás, Tayutic, Tiribí, Tucufres og Chicuá.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Huetar (språk)» frå Wikipedia på bokmål, den 31. desember 2015.