Hufthamar er den største ferjestaden i Austevoll kommune, og ligg nord på Huftarøy. Kaia vert brukt av ferja MF «Stord» samt dei lokale hurtigbåtane og Flaggruten. Før Austevollsbrua vart bygt, gjekk det òg ferjesamband mellom Hufthamar og Austevollshella. I da har kaia fem rader som vert brukte i sambandet Hufthamar-Krokeide.

Hufthamar
stad
Foto: Marius Vassnes
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Austevoll
Postnummer 5392 STOREBØ
Preposisjon Hufthamar
Kart
Hufthamar
60°07′22″N 5°12′03″E / 60.122694444444°N 5.2008055555556°E / 60.122694444444; 5.2008055555556
Wikimedia Commons: Hufthamar fergekai

Ved ferjeanløp har det vore svært vanskelege trafikkforhold ved ferjekaia, då det ikkje har vore skilje mellom biltrafikk og mjuke trafikantar. Men ved tildeling av «krisepakkemiddel» frå regjeringa i januar 2009 vart det tildelt 6 millionar kroner til eit prosjekt for å byggja gang- og sykkelsti på strekninga Hufthamar - Haugland på Riksveg 546. Dette gjev samanhengande sykkelsti frå Lagunen i Fana til Eidsbø i Austevoll.