Kapetingarane (fransk Les Capétiens eller la Maison capétienne, 'Huset Capet') var ei fransk kongeslekt som følgte den karolingaranekarolingiske kongeslekta. Dei styrka makta til kongeriket ved å lage eit nytt styringssystem og ved at dei gav mindre makt til vasallane. Dei styrte kongedømet Frankrike frå 987 til 1328, og produserte direkte arvingar til trona i over 300 år.

Slekta stamma frå robertianarane, med forgangarar som Robert den sterke og Robert I av Frankrike. Huset Capet fekk namn frå tilnamnet til Hugo Capet, som var den første kongen frå denne slekta. «Capet» kom av at Hugo, som abbed for Saint-Martin de Tours og Saint-Germain des Prés, bar ein kort frakk kalla cappa.

KjelderEndra

  • Alle tiders historie: Verda og Norge før 1800 VG2