Huldra er eit vette i norsk folketru. I segnene finn vi ofte huldra som ei ven jente med kurompe. Huldrefolket lever i folketrua i berg og under bakken. Det heiter seg at huldra kan lokke mannfolk til seg, og i nokre segner giftar huldra seg inn i menneskeslekter. Huldrefolk kan og stele barn og byte dei ut med sine eigne. Desse huldrebarna er i folketrua kalla for bytingar. I segnene spelar huldrefolket ei mangslungen rolle. Dei kan vere både til ulukke og til lukke for menneska.

Tømmerhogger og hulder, teikning frå svensk eventyrsamling utgitt 1882.

Sjå og endre

Bakgrunnsstoff endre