Opna hovudmenyen
«Tussefolk», postkort av eventyrteiknaren Theodor Kittelsen (1857–1914), gjeve ut i 1908.

Tuss eller tusse er eit vette som kan høyra til dei underjordiske i norsk folketru eller jotnar i norrøn mytologi.[1]

Tusser hadde nok opphavleg med jotnar å gjere. Til dømes vert jotunen Trym i Trymskvida kalla Tusse-drotten. Norrønt þurs eller þuss betyr 'troll'. I seinare tid har ordet «tusse» vore brukt i samband med huldrefolk. Ein såg gjerne for seg tusser som små, og førestilte seg dei som blå-eller gråkledde. Dei budde under jorda, men nær menneske, og livet deira likna det til menneske.[2] Andre namn for dei er haugtussar eller bergtussar.

Det finst ei rekkje tradisjonar om samkvem mellom tusser og menneske.[2] Ein har til dømes slåtten «Tussebruri», og segner der huldrekallar som gjer kur til menneskekvinner vert kalla tussefriar. Ei tusse kan også vera ei hulder.[1]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra