Hulen er ein utestad i Bergen. Hulen er eit tidlegare tilfluktsrom, som i 1969 vart bygd om til klubblokale for studentane ved særleg Universitetet i Bergen. Hulen ligg inne i Nygårdshøyden, med inngang frå Møhlenpris. Universitetet ligg på og kring Nygårdshøyden, slik at vegen ned til Hulen er ikkje lang for mange studentar. Studenthuset Det Akademiske Kvarter Kvarteret opna fyrst i 1995. Aktive studenters forening i Bergen og Bergen Realistforening delte på driftsansvaret for Hulen. Desse organisasjonane flytta hovudkvarteret og største delen av aktivitetane sin ned på det nye studenthuset.

På grunn av auke i studenttalet har det vist seg å vera rom for fleire utestadar for studentar. Eit eige Hulestyre koordinerer aktiviteten på Hulen. Hulen har satsa på å vera ein nattklubb med mange slags konsertar.

Bakgrunnsstoff endre

Sjå òg endre