Denne artikkelen handlar om planteslaget. For insektslekta Bombus, sjå humler.

Humle (Humulus lupulus) er ei fleirårig slyngplante som høyrer til hampfamilien (Cannabidaceae). Humle kan verte 6-7 meter høg, og visnar ned til rota kvar vinter. Planta veks fort; når veksten er på det kraftigaste kan planta vekse opp mot 20 cm i døgnet.

Humle
Humle
Humle
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Cannabaceae
Slekt: Humulus
Art: Humle H. lupulus
Vitskapleg namn
Humulus lupulus
Blomstrande hannplante.

Humle veks vilt over store delar av Noreg, og har dessuten vore dyrka i fleire hundre år. Planta vert brukt som medisinplante, men er mest kjend fordi ho vert brukt til ølbrygging. Humle kan føre til akutt hypotermi hos hundar og kattar.

Frå gamalt

endre

I Frostatingslova heiter det at den som tok humle frå annan manns hage, laut svara verdet og bøter attpå. På denne tida var det òg påbode å bryggje øl til jonsok og jol.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Humle
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.