Hummelfjell-ulukka

Hummelfjell-ulukka var ei flyulukke som ramma Braathens S·A·F·E den 7. november 1956.

Bilete frå staden

Eit Heron passasjerfly, LN-SUR frå Værnes flyplass ved Trondheim til Fornebu ved Oslo, styrta på Hummelfjell i Hedmark eit par mil sør for Røros. Flyet hadde 10 passasjerer og eit mannskap på to. Ein passasjer og kapteinen omkom.[1] Ulukkesårsaka var uvanlig sterk ising og ein kraftig nedadgående luftstrøm.

Flyulukka fikk stor mediemerksemd ettersom ein av passasjerene var den kjende radiomannen Rolf Kirkvaag. Han heldt håpet oppe hjå dei overlevande med konkurransar og song, og gjekk etter hjelp i den djupe snøen sjølv om han hadde brekt ein ankel. Han nådde fram til folk i grenda Hodalen i Tolga.

Kjelder endre

  1. Aftenposten Morgen 9. november 1956

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre