Hummin' to Myself av Linda Ronstadt
Hummin' to Myself Studioalbum av Linda Ronstadt | ||
Utgjeve | November 2004 | |
Innspelt | Clubhouse, Rhinebeck, New York; Capital Studios, Hollywood; Oxford Sound, Nashville. | |
Sjanger | Jazz | |
Lengd | 42:57 | |
Selskap | Verve | |
Produsent | George Massenburg, John Boylan | |
Linda Ronstadt-kronologi | ||
---|---|---|
Mi Jardin Azul: Las Canciones Favoritas (2004) |
Hummin' to Myself | Adieu False Heart (2006)
|
Hummin’ to Myself er det 24. og siste soloalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt. Albumet debuterte på tredjeplassen på Billboard Top Jazz Albums-lista og låg på lista i seks månader. Det nådde 166. plassen på hovudlista til Billboard. Det var det siste soloalbumet hennar før ho pensjonerte seg i 2011 på grunn av progressiv supernukleær parese.[5]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Billboard | (positiv)[2] |
Entertainment Weekly | B+[3] |
Jazz Times | (positiv)[4] |
Hummin' to Myself består av klassiske jazzstandardar, liknande musikken ho spelte inn for tre album i 1980-åra med Nelson Riddle, berre denne gongen med eit band, og ikkje eit orkester.[1] I følgje eit intervju med Ronstadt var songane på albumet blant dei ho ønskte å spele inn med Riddle, men han døydde før dei kom så langt.[6]
Ronstadt syng songar av Frank Loesser («Never Will I Marry» og «I’ve Never Been in Love Before») og Cole Porter («Get out of Town,» «Miss Otis Regrets) og «I Fall in Love Too Easily».
Hummin’ to Myself fekk god kritikk for å vere eit autentisk album. Musikarane på albumet var mellom andre Alan Broadbent, Christian McBride, David «Fathead» Newman, Lewis Nash, Peter Erskine og Roy Hargrove.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Tell Him I Said Hello» | Jack J. Canning, Bill Hegner | 4:33 |
2. | «Never Will I Marry» | Frank Loesser | 2:22 |
3. | «Cry Me a River» | Arthur Hamilton | 4:25 |
4. | «Hummin' to Myself» | Sammy Fain, Herbert Magidson, Monty Siegel | 2:45 |
5. | «Miss Otis Regrets» | Cole Porter | 3:11 |
6. | «I Fall in Love Too Easily» | Sammy Cahn, Jule Styne | 3:36 |
7. | «Blue Prelude» | Joe Bishop, Gordon Jenkins | 3:01 |
8. | «Day Dream» | Duke Ellington, John Latouche, Billy Strayhorn | 4:28 |
9. | «I've Never Been in Love Before» | Frank Loesser | 3:25 |
10. | «Get Out of Town» | Cole Porter | 2:49 |
11. | «I'll Be Seeing You» | Sammy Fain, Irving Kahal | 2:37 |
Total lengd: | 37:12 |
Medverkande
endre- Linda Ronstadt – vokal, arrangement
- Warren Bernhardt – piano
- Alan Broadbent – piano, arrangement
- Larry Koonse – gitar
- Bob Mann – gitar
- Trey Henry – bass
- Christian McBride – bass
- Lewis Nash – trommer
- Peter Erskine – trommer
- John Catchings – cello
- Roberta Cooper – cello
- Eugene Drucker – fiolin
- Daniel Block – klarinett
- Jim Horn – saksofon
- David «Fathead» Newman – saksofon
- Bob Sheppard – saksofon
- Roy Hargrove – flygelhorn
- Mike Haynes – flygelhorn
- Steven Bernstein – trompet
- Jon-Erik Kellso – trompet
Produksjon
endre- George Massenburg – produsent, lydteknikar, mastering, miksing
- John Boylan – produsent
- Al Schmitt – lydteknikar
- Steve Bishir – assisterande lydteknikar
- Jim Brady – assisterande lydteknikar
- Mark DeBuck – assisterande lydteknikar
- Steve Genewick – assisterande lydteknikar
- Hank Linderman – assisterande lydteknikar
- Chris Powers – assisterande lydteknikar
- Sean Price – assisterande lydteknikar
- Dann Thompson – assisterande lydteknikar
- André Zweers – assisterande lydteknikar
- Doug Sax – mastering
- Robert Hadley – mastering
- Isabelle Wong – grafisk design
- Hollis King – kunstnarisk leiar
- Rocky Schenck – fotografi
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hummin' to Myself (Linda Ronstadt album)» frå Wikipedia på engelsk, den 9. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Allmusic review
- ↑ Billboard review
- ↑ Entertainment Weekly review, arkivert frå originalen 25. april 2009, henta 9. desember 2020
- ↑ Jazz Times review
- ↑ https://www.nytimes.com/2013/09/01/arts/music/linda-ronstadt-discusses-her-memoir-and-parkinsons.html
- ↑ Morago, Greg (1. juli 2004). «A Long Long Time». courant.com. Hartford Courant. Henta 9. desember 2020.