Doug Sax

Doug Sax (26. april 19362. april 2015) var ein USA-amerikansk masteringteknikar frå Los Angeles. Han lage lydmastrane til tre av The Doors sine album, inkludert debutplata frå 1967, seks av Pink Floyd sine album, inkludert The Wall; Ray Charles-albumet Genius Loves Company i 2004 og Bob Dylan sitt Shadows in the Night i 2015.

Doug Sax
Doug Sax.jpg
Sax i 2014
Fødd26. april 1936(1936-04-26)
FødestadLos Angeles i California i USA
Død2. april 2015 (78 år)
DødsstadLos Angeles i California i USA
FødenamnDouglas Sax
OpphavUSA
Tilknytte artistarBob Dylan, Barbra Streisand, Leonard Cohen, Pink Floyd, Frank Zappa
Verka somMastering lydteknikar

I lag med Lincoln Mayorga og broren Sherwood (Bert), skipa Sax The Mastering Lab i 1967.[1]

The Mastering Lab brukte utstyr laga av Sherwood, med handlaga elektronikk, frå lydbandmaskinar til equalizer, kompressorar, avgrensarar, omformarar og monitorar.[2] Dette kombinert med øyra og ekspertisen til Sax var med å skape ein lang og suksessrik karriere for The Mastering Lab.[3] I 1970 skipa Sax og Mayorga Sheffield Lab Recordings, eit audiofil-selskap som produserte album med klassisk musikk og jazz.[4][5]

Innan 1972 gjorde Sax mastering på 20 % av singlane som låg inne på topp 100 på Billboard-lista. I 1971 mastra Sax album som The Who sitt Who's Next, Harry Nilsson sitt Nilsson Schmilsson, The Rolling Stones sitt Sticky Fingers og debutalbumet til Eagles.

Utvald arbeidEndra

KjelderEndra

  1. «New Entries to National Recording Registry». Henta 27. mars 2015. 
  2. «Mastering Lab CEO». Henta 21. mars 2015. 
  3. «Lydteknikarar». Henta 21. mars 2015. 
  4. «Oral History - Doug Sax». Henta 30. mars 2015. 
  5. «Sheffield Lab History». Arkivert frå originalen 11. mars 2015. Henta 20. mars 2015. 

BakgrunnsstoffEndra