Hurtigruten minutt for minutt

134 timer lang TV-sending som fulgte hurtigruteskipet MS «Nordnorge» fra Bergen til Kirkenes
For fleire minutt for minutt-dokumentarar, sjå Minutt for minutt.

Hurtigruten minutt for minutt var ei 134 timar lang fjernsynssending som vart send direkte på NRK2 og NRK Nett-TV frå klokka 19:45 16. juni til 10:30 22. juni 2011. Programmet fylgde hurtigruteskipet MS «Nordnorge» på ferda frå Bergen til Kirkenes. Sendinga vart meld inn til Guinness rekordbok som den lengste uavbroten direktesende fjernsynsdokumentaren i verda, og vart 5. juli 2011 godteken av Guinness som rekord, med ei registrert tid på 134 timar, 42 minutt og 45 sekund.

MS «Nordnorge».
MS «Nordnorge» i Geirangerfjorden under fjernsynssendinga.

Idéen til programmet kom opp på Twitter 27. november 2009 medan NRK2 sendte den sju og ein halv time lange dokumentaren Bergensbanen minutt for minutt.

Prisar endre

30. april 2012 vann dokumentaren prisen for «mest originale fjernsynsproduksjon» undar Prix Circom. Dokumentaren var nomintert til ein pris under Rose d'Or i Sveits, men vann ikkje. Han var nominert til «beste event» og vann prisen for «årets nyskaping» under Gullruten 2012.[1]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  Denne Noregartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.