Husøya i Kristiansund
63°05′19″N 07°46′16″E / 63.08861°N 7.77111°E
Husøya | |||
øy | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Kristiansund kommune | ||
Høgaste punkt | 58 moh. | ||
Husøya i Kristiansund 63°05′20″N 7°46′07″E / 63.08891°N 7.76858°E |
Husøya er ei øy i Kristiansund kommune, ved nordkysten av Frei, som ho har vegsamband til over ei fylling.
Det er funne spor etter busetjing frå steinalderen på øya. Ved folketeljinga i 1900 budde det fem personar her.[1] Det er framleis busetjing på sørsida av øya. På nordsida er det pukkverk og anna industri.
Husøya var del av Kvernes kommune fram til 1897, Bremsnes kommune fram til 1964, så Frei kommune fram til 2008.
Kjelder
endre- ↑ Folketeljing 1900 for Bremsnes herred, frå Digitalarkivet
- Hans Hyldbakk, Gards- og ættesoge for Frei, band II Frei kommune, 1972