Frei
tidlegare kommune i Møre og Romsdal
Frei | |
---|---|
Freikollen, det høgaste fjellet i Kristiansund kommune, ligg på øya Frei. Foto: Harald Oppedal
| |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Nordmøre |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Areal | 63,08 km²
|
Høgaste punkt | Freikollen (629 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Møre og Romsdal |
Største busetnad | Rensvik (2118 innb.)
|
Frei er den største øya i Kristiansund kommune i Møre og Romsdal, med eit areal på 62,5 km². Største tettstad er Rensvik med 2118 innbyggjarar (2003). Det høgaste punktet på Frei er Freikollen, 629 moh.

Kommunevåpenet til Frei kommune føre samanslåinga med Kristiansund.
Frei er òg ein tidlegare kommune. Han grensa til Kristiansund kommune i nord og var elles omgjeven av fjordar og sund. I søraust ligg Tingvoll kommune, i sør Gjemnes kommune og i vest Averøy kommune.
Den 1. januar 2008 vart Frei kommune samanslegen med Kristiansund kommune. Dette vart vedteke i folkeavstemming der 1 330 stemte for og 1 252 stemte imot.
Innbyggjartalet i 2007 var ca 5 428. Administrasjonssenteret var Rensvik.
FolketalsutviklingEndra
Folketalsutvikling for tidlegare Frei kommune frå 1964 til 2007:
1.1.1964[1] | 1.1.1971[1] | 1.1.1981[1] | 1.1.1991[1] | 1.1.2001[1] | 1.1.2007[1] |
---|---|---|---|---|---|
2369 | 2599 | 4204 | 4893 | 5187 | 5428 |
NaturEndra
TopografiEndra
Øyar og holmarEndra
- Flatsetøya
- Husøya
- Hansøya i Bolga
- Fugløya
- Rensvikholmen
- Amundøya
- Brattøya
- Flatøya
- Kattholmen
- Årholmen
Fjell og åsarEndra
VatnEndra
KjelderEndra
Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.