Husavik-Sandvikvåg
fergesamband i Vestland
Husavik-Sandvikvåg er eit ferjesamband i Hordaland fylke. Strekninga vert dekka av Fjord1 med daglege avgangar med ferja M/F «Husavik». Overfarten tar om lag 20 minutt.[1] Sambandet bind saman europaveg 39 og riksveg 546.
MF «Husavik» krysser ferjesambandet Husavik–Sandvikvåg. | |
Frå | Husavik i Vestland fylke |
---|---|
Til | Sandvikvåg i Vestland |
Kryssar | Langenuen |
Strekning | 546 |
Operatørar | 1992-2011: Tide Sjø (no Norled) 2011-2018: FosenNamsos Sjø 2018-i Dag: Fjord1 |
Lengde | 6,8 kilometer |
Overfartstid | 20 minutt |
ferjesambandet Husavik–Sandvikvåg 59°59′30″N 5°19′00″E / 59.991666666667°N 5.3166666666667°E |
Fram til 2011 vart strekninga dekka av Tide Sjø. Fram til 2018 var FosenNamsos Sjø operatør. Fjord1 tok over drifta i 2018.[2]
Frå 1. januar 2019 tok ein i bruk den nasjonale AutoPASS for ferje-ordninga driven av Skyttel AS til betaling for ferja.[3]
Ferjer
endreTid | Reiarlag | Ferje | Reserveferje |
---|---|---|---|
2018-i dag | Fjord1 | MF «Husavik» | MF «Solskjel» |
2011-2018 | FosenNamsos Sjø | MF «Herlaug» | |
1992-2011 | HSD/Tide Sjø (no Norled) | MF «Sveio» |
Kjelder
endre- ↑ «Husavik - Sandvikvåg» (på norsk). FosenNamsos Sjø. Arkivert frå originalen 25. januar 2016. Henta 25. januar 2016.
- ↑ FosenNamsos ute - Fjord1 har vunne sju ferjesamband. NRK. Besøkt 10. mai 2020.
- ↑ «Ferjesamband». AutoPASS-ferje (på norsk bokmål). Henta 28. november 2019.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Husavik-Sandvikvåg» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2022.