Opna hovudmenyen

Huwara (arabisk حُوّاره, ḥuwwarah, hebraisk skrift חווארה)[3] er ein palestinsk by som ligg i Nablus guvernement nord på Vestbreidda, 9 km sør for Nablus og dannar ein enklave mellom fire israelske busetjingar.[4] Han ligg kring 7 km frå Jakob-brunnen.[3] Eit av dei viktigaste kontrollpunkta til Israel låg i byen, Huwwara kontrollpunkt, for å kontrollere tilkomst til den nærliggande byen Nablus. I 2011 valte det israelske forsvaret å legge ned kontrollpunktet og trafikken mellom Nablus og Ramallah vart enklare.[5] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 5 800 i 2006.[6]

Huwara
حُوّاره, Howwarah
kommune
Huwara checkpoint.jpg
Huwara kontrollpunkt
Namneopphav: Kvit mergel[1]
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Nablus guvernement
Koordinatar 32°09′09″N 35°15′24″E
Folketal 5 570 (2007) [2]
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Huwwara, Palestine

Den første grunnskulen vart grunnlagd i 1947, og omgjort til ein vidaregåande skule i 1962.

HistorieEndra

Huwara er ein eldgammal stad og ein har funne cisterner og graver hogde ut i berget, i tillegg til restar av søyler.[7]

På 1100- og 1200-talet var Hawara busett av muslimar.[8]

Osmansk tidEndra

Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 87 hushaldningar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven, geiter og/eller bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[9]

I 1853 var Huwara delaktig i eit slag med nabolandsbyane Quza og Beita, og ti menn og sju kvinner mista livet.[10]

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1870. Han estimerte at landsbyen (som han kalla Haouarah) hadde kring 800 innbyggjarar, og at han var delt i to distrikt, kvar styrt av ein sjeik. Ein wali var tileigna Abou en-Nebyh Sahin.[11]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Huwarah som ein landsby «i stein og leire ved foten av Gerizim, like ved hovudvegen. Han ser gammal ut og dekkjer eit stort område».[12]

Det britiske mandatetEndra

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Huwara eit folketal på 921, alle muslimar,[13] og dette auka noko i folketeljinga i 1931, der Huwara (i lag med den mindre staden Bir Quza) hadde 240 busette hus og eit folketal på 955, framleis alle muslimar.[14]

I 1945 hadde Huwwara eit folketal på 1 300, alle arabarar, med 7 982 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[15] Av dette var 607 mål var plantasjar og irrigert land, 4 858 nytta for korn,[16] medan 129 mål vart utbygd land.[17]

Israel-Palestina-konfliktenEndra

Huwara har vore utsett for hemnaksjonar i form av tilfeldige valdshandlingar frå israelske jødiske busetjarar. I april 2010 brende busetjarane tre palestinske køyretøy i Huwara,[18] medan busetjarar under ein hemnaksjon den 27. februar 2011 for evakueringa av Havat Gilad kasta brannbomber inn i eit hus i landsbyen.[19] I mars 2012 vart Davidsstjerna spraya på moskeen i landsbyen.[20]

KjelderEndra

  1. Palmer, 1881, s. 229
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 110
  3. 3,0 3,1 Rix, Herbert (1907). Tent and Testament: A Camping Tour in Palestine. New York, London: Scribner. s. 25. 
  4. Friedman, Robert I. (6. desember 2001). «And Darkness Covered the Land». The Nation. Henta 5. september 2015. 
  5. Sandercock, Josie; et al. (2004). Peace Under Fire: Israel/Palestine and the International Solidarity Movement. Verso. s. 110. ISBN 1-84467-501-7. 
  6. «Projected Mid -Year Population for Nablus guvernement by Locality 2004- 2006». Palestinsk statistisk sentralbyrå. Henta 5. september 2015. 
  7. Dauphin, 1998, s. 804
  8. Ellenblum, 2003, s. 263
  9. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 132
  10. Avneri, 1984, s.20, citing the English consul Finn, 1878, s. 298
  11. Guérin, 1874, s. 460
  12. Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 284
  13. Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak
  14. Mills, 1932, s. 62
  15. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 60
  16. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 106
  17. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 156
  18. Saed Bannoura, 'Settler Torch Olive Orchard In Silwan,' in International Midtausten Media Sentral, 17. september 2015
  19. Yair Altman, Price tag: Palestinian cars vandalized in Hebron.'Ynet, 1. mars 2011
  20. Israeli firefighters: West Bank mosque fire likely arson, 6. mai 2010, Haaretz

BakgrunnsstoffEndra